I samband med smittevern i forhold til koronavirus kan det vere restriksjonar eller stengt ved enkelte bedrifter. Vi ber deg om å sjekke bedriftens eigen nettside for informasjon.

Suleskarvegen

Suleskarvegen i mai Spektakulært til tross for manglende utsikt

Opnar fredag 29. mai

Vegstrekningen frå Brokke til Suleskard har vore vinterstengt sidan 1. november. I år er det rekord-mykje sno langs vegen.

Den 1. mai starta arbeidet med snørydding på Suleskarvegen frå Brokke til Suleskard. Denne vinteren har det vore mykje sno i fjellet og brøytemannskapet har hatt ein stor jobb med å rydde vegen. Planlagt dato for opning var 20. mai men p.g.a. snomengdene har arbeidet tatt lengre tid enn berekna. Men no er det altså klart for opning fredag 29. mai.

Brøytekantene er spektakulært høge fleire stader langs vegen. Då er det ei oppleving i seg sjølv berre å køyre Suleskarvegen. Elles er vegen eit godt utgangspunkt for ein skitur i vårsola.


For deg som har god tid

Suleskarvegen svingar seg frå Rogaland i vest, over Sirdal og Setesdalsheiene i Agder og vidare austover til Dalen i Vestfold og Telemark. Strekninga byr på fine turistopplevingar med livlege bymiljø, rotekte kultur og flott natur.

Leik og moro med familien

Køyr karusellar, klapp sauer langs vegen, bad i vatn og elver og ta overnattinga på ein stad som byr på det vesle ekstra. Suleskarvegen har det som skal til for å gi familien mange gode minne.

Raskaste veg frå aust til vest

Kortaste og raskaste veg mellom Stavanger og Oslo. Fint for deg som har det travelt.