Suleskarvegen

"Rogalam" til fjells, og ofte midt i vegbanen

I Rogaland er det mykje sau. I juni bér det til fjells for å gjere seg feite. I september er det tid for å samles før dei vert flytt attende til garden dei høyrer heime.

Ver obs når du køyrer Suleskarvegen. Det hender at sau ligg og kviler i vegkanten, eller at dei spring i vegbanen.

Bremse ned og køyr roleg forbi. Ikkje stopp opp for å mate eller kose med dyra.

Store dyrelidingar kan hindrast dersom alle varslar om dyrepåkjørsel. Som bilførar er du pliktig til å melde frå om påkjørsel av dyr. Dette gjeld både husdyr og vilt.

Erstatning for skada eller drept dyr vert dekt av bilforsikringa.

 

Dette gjer du om du køyrer på eit dyr:

  • Stopp og observer dyret.
  • Om dyret er dødt, prøv å få det ut av vegbanen, eller sett opp varseltrekant
  • Om dyret er skadd, vurder skaden og prøv å sjå kor dyret tar vegen. Er det skadd vil det ofte stoppe og leggje seg ned ganske raskt. Ikkje følg etter, då det kan flykte vidare.
  • Dersom det ikkje er mobildekning, merk stedet med for eksempel ein plastpose, og ring og meld ifrå når du har mobildekning
  • Meld frå til eigar, næraste gard eller Politiet (tel:02800).
    Suleskarheia: v/Oftedal: 414 50 835 / 410 66 241

Spektakulær vegstrekning

Suleskarvegen svingar seg frå Rogaland i vest, over Sirdal og Setesdalsheiene i Agder og vidare austover til Dalen i Vestfold og Telemark. Strekninga byr på fine turistopplevingar med livlege bymiljø, rotekte kultur og flott natur.

Leik og moro med familien

Køyr karusellar, klapp sauer langs vegen, bad i vatn og elver og ta overnattinga på ein stad som byr på det vesle ekstra. Suleskarvegen har det som skal til for å gi familien mange gode minne.

Praktisk informasjon

Suleskarvegen er den kortaste vegen mellom Oslo og Sandnes, totalt 425 km og du må rekne ca. 7 timars kjøretid. Om du kjører E18 og E39 er det 535 km, altså 110 km. lenger. Om det er den raskaste vegen å kjøre Suleskarvegen er kanskje tvilsomt, men vi vil påstå at det er den vakraste og mest spektakulære!

Ruta har blant anna blitt kåra til ei av Noregs beste MC-ruter av magasinet Bike.