Vegstrekninga mellom Brokke og Suleskar er det høgaste punktet, 1050 m.o.h. på Suleskarvegen. I år med mykje snø kan ein spenne på seg skia rett ved vegen.
Snøen vil sannsynlegvis bli verande til juni månad. Det er ingen merka skiløyper og fleire stader kan det vere opne bekkar og vatn. Gå ein trygg og sikker tur etter evne og erfaring og det kan bli en minnerik oppleving. God skitur og hugs solkrem!