Praktisk informasjon

Suleskarvegen er den kortaste vegen mellom Oslo og Sandnes, totalt 425 km og du må rekne ca. 7 timars kjøretid.

Om du kjører E18 og E39 er det 535 km, altså 110 km. lenger. Om det er den raskaste vegen å kjøre Suleskarvegen er kanskje tvilsomt, men vi vil påstå at det er den vakraste og mest spektakulære!

Ruta har blant anna blitt kåra til ei av Noregs beste MC-ruter av magasinet Bike.

Verdt å vite: 

  • Sommeropen: Mellom Brokke og Suleskard er vegee open i perioden 21. mai – 1. november, ellers vinterstengt. Avvik kan skje, avhengig av vær og føre. Sjekk veg- og trafikkinformasjon på nett eller ring 175.
     

  • Smal veg: Vegstandarden er jevnt over god, men til tider smal vegbane. Dvs. eitt kjørefelt, men samtidig oversiktleg og med mange møteplassar. Det går fint å kjøre bubil eller andre relativt store kjøretøy. 
     

  • Sau til fjells og ofte midt i vegen: Det går store mengder sau på beite i fjellet mellom Brokke og Suleskar frå juni og utetter hausten. Ver obs, det ligg ofte sau og kviler i vegkanten, eller dei spring i vegbanen. Brems ned og køyr roleg forbi. Ikkje stopp opp og ikkje gi dei mat. Dette kan skape trafikkfarlege situasjonar.  
     

  • Ikkje stopp på uoversiktlege stader eller på møteplassar: For å unngå trafikkfarlege situasjonar, stopp kun på stader det heilt klart ikkje hindrar trafikken. Ved Håhelleren (ved Roskreppfjorden) er det ein stor og god rasteplass. Her er også tilrettelagt tursti.
     

  • Påkøyrsel av dyr skjer. Om uhellet er ute, er du pliktig å varsle. Erstatning for skada eller dødt dyr blir dekt av bilforsikringa.

    Dette gjer du om du køyrer på eit dyr: 

    • Stopp og observer dyret. 

    • Om dyret er dødt, prøv å få det ut av vegbanen, eller sett opp varseltrekant 

    • Om dyret er skadd, vurder skaden og prøv å sjå kor dyret tar vegen. Er det skadd vil det ofte stoppe og leggje seg ned ganske raskt. Ikkje følg etter, då det kan flykte vidare. 

    • Dersom det ikkje er mobildekning, merk staden med for eksempel ein plastpose, og ring og meld ifrå når du har mobildekning.

    • Kontaktinfo:  

      • Suleskarheia: Halvard Oftedal, 414 50 835 eller Ola V. Oftedal, 410 66 241

      • Brokkeheia: Livar Ravndal, 917 95 433

      • Politi: 02800
         

  • Fergesamband - oversikt over fergeruter i Rogaland (Kolombus)

qrcode_www-gulesider-no[1].png