Suleskarvegen

Om Suleskarvegen

Tvers gjennom Sør-Norge ligg Suleskarvegen som svingar seg over fjell og dal frå aust til vest.

Suleskarvegen går gjennom dei tre fylka Vestfold-Telemark, Agder og Rogaland og gjennom dei fem kommunane Tokke, Valle, Sirdal, Gjesdal og Bjerkreim. Denne nettsida er eit samarbeidsprosjekt mellom desse, samt den tilgrensande kommunen Bykle.

Alle ønskjer deg velkomen til den vakre naturen og dei mange små og store opplevingane langs vegen. Om du har god eller dårleg tid, reiser aleine eller med familien, trur vi at du vil nyte reisa.

For deg som har god tid

Suleskarvegen svingar seg frå Rogaland i vest, over Sirdal og Setesdalsheiene i Agder og vidare austover til Dalen i Vestfold og Telemark. Strekninga byr på fine turistopplevingar med livlege bymiljø, rotekte kultur og flott natur.

Leik og moro med familien

Køyr karusellar, klapp sauer langs vegen, bad i vatn og elver og ta overnattinga på ein stad som byr på det vesle ekstra. Suleskarvegen har det som skal til for å gi familien mange gode minne.

Raskaste veg frå aust til vest

Kortaste og raskaste veg mellom Oslo og Sandnes. Fint for deg som har det travelt.