Suleskarvegen – open 21. mai til 1. november

Ta turen over Suleskarvegen og opplev nokre av dei flottaste fjellandskapa i Noreg.

Den vinterstengde vegstrekninga mellom Brokke og Suleskar er rundt fire mil lang og bind Setesdal og Rogaland saman. Fylkesveg 450 går heilt frå Høydalsmo i Telemark til Sandnes i Rogaland.

Her går reisa i stor grad gjennom storslått høgfjellsnatur, over fjellpass og forbi idylliske innsjøar – med flotte utsiktspunkt og opplevingar rundt kvar sving.

Strekninga Brokke-Suleskar er normalt open i perioden 21. mai til 1. november, men vêr- og føreforhold kan påverke både opning og stenging av vegen. Følg med på status for fjelloverganger på www.vegvesen.no 

Utforsk nettsida vår for tips til attraksjonar, aktivitetar, overnatting og andre tilbod langs vegen og i områda rundt.