Suleskarvegen

Vegen open frå den 21. mai

Brøyting av den vinterstengte vegen har gått etter planen og sommarvegen kan opnast opp kl. 12 sundag 21. mai.

Arbeidet med å brøyte opp vegen starta den  12. mai. Det er eit hardt og tidkrevjande arbeid for både maskin og mannskap når dei skal grave seg fram gjennom meterhøge snofonner.

Det er ei flott oppleving å køyre over fjellet i mai, på nybrøyta veg og enkelte stader langs vegen kan det vere svært høge brøytekantar. Ver merksam på at det kan vere vanskeleg å stoppe undervegs då det er få eller ingen moglegheit for avkøyring eller parkeringsplassar.

Ved Håheller ved Roskreppfjorden finn du ein stor og flott rasteplass med fleire parkeringsplassar.
God tur!