Suleskarvegen

Vegen open frå den 20. mai

Brøyting av vegen gjekk etter planen i år og vegen vart opna den 20. mai.

Det er ein flott oppleving å køyre over fjellet i mai, på nybrøyta veg og enkelte stader langs vegen er det høge brøytekantar. Ver merksam på at det kan vere vanskeleg å stoppe undervegs då det er få eller ingen moglegheit for avkøyring eller parkeringsplassar.

Ved Håheller ved Roskreppfjorden finn du ein flott rasteplass med fleire parkeringsplassar.
God tur!