Suleskarvegen

Verneområde

Vegen kryssar verneområdet "Setesdal-Vesthei-Ryfylkeheiene", hvor Nord-Europas sørligste villreinstamme held til. Vernerestriksjoner, i tillegg til verforhold, gjer at vegen berre er open i perioden frå ca 20. mai til ca 1. november.

Dei store fjellområda mellom Setesdal og Ryfylke er ein del av Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane og er med sine 6154 km2 det nest største villreinområdet i landet. Det er her Europas sørligste villreinstamme held til. Halvparten av arealet er verna for å ta vare på eit samanhengande heieområde med sitt dyre- og planteliv, sine stølsområder og andre kulturverdiar. Det viktigaste er imidlertid å ta vare på viktige delar av villreinens leveområde. 

Villreinstammen er av heilt sentral verneverdi og er ofte den viktigaste grunnen til at mange områder er verna. Dette er gjerne spesielt viktige funksjonsområder som vinterbeite, trekkveier og kalvingsområder. Forvaltningen av desse arealane er difor heilt avgjerande for villreinstammens framtid, og verneområdet har ein vesentleg betydning i oppfølginga av nasjonal villreinpolitikk.

Setesdal vesthei - Ryfylkeheiane er og eit bruksfjell. Skriftlege kjelder fortel om ein til dels svært omfattande bruk dei siste 200 åra, og arkeologiske funn viser at det og gjeng svært langt tilbake i tid. Denne omfattande bruken har satt sine fysiske spor i landskapet og mentale spor i dei som bur i områdene rundt heiene.
Verneverdiane er mange og store, ikkje minst for rekreasjon og naturopplevingar.

For det tradisjonelle friluftslivet betyr vernet eigentleg lite. Med visse unntak er det fri ferdsle i verneområdet. Du kan slå leir, jakte, fiske samt sanke bær og sopp. For jakt og fiske må sjølvsagt gjeldande lover og forskrifter følges, og du må ha tillatelse fra grunneigar. 
Allemannsretten gjeld og her, og det er fleire merka løyper og turisthytter i området. DNT Sør og Stavanger Turistforening har mange av sine hytter i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane.
Det er ferdslerestriksjonar i april og mai og dette er ein av grunnane til at vegen ikkje opnar før 20. mai.


Kor mykje veit du om villrein?

Her kan du ta "villrein-sertifikatet". Ein uhøgtideleg quiz.


Råd til deg som skal på tur i villreinfjellet:

  • Bruk kikkert flittig.
  • Dersom du oppdagar villrein, trekk deg roleg tilbake den vegen du kom frå.
  • Forsøk å unngå at vindretningen er frå deg mot dyra. Dei har god luktesans.
  • Tak gjerne hunden med på tur, men hugs å halde den i band.
  • Ikkje uroe reinen unødig berre fordi du ynskjer bilete. Det er betre å la inntrykket feste seg på netthinna.

God tur!