Due to the coronavirus, some attractions and restaurants may have changed opening hours. See the companies website for more info.

Suleskarvegen

Leik deg inn i historia i aktivitetsparken i Eidsborg

Aktivitetsparken i Eidsborg

Leik deg inn i historia i aktivitetsparken på Vest-Telemark Museum i Eidsborg!

Vest-Telemark Museum i Eidsborg har eit aktivitetsområde på museet der unge og gamle kan leike seg inn i historia. Sentralt i parken er ein 105 m lang vassførande modell av Telemarkskanalen med sluser og kopiar av dei historiske båtane. Her kan du sluse brynestein, tømmer og turistbåtar frå Dalen til Skien og attende. Du kan leige modellbåt på museet, eller ta med din eigen (ikkje fjernstyrt). Museumsbutikken har også flott båtbyggjesett for sal.

Me har og ein stor båt for klatring og moro, Dalen Hotel i miniatyr og kraftstasjon som viser korleis Telemarksvassdraget også produserer straum.

Parken byr også på andre aktivitetar for heile familien. Her finn du ein husmannsplass med fleire bygningar og ei smie. Du kan prøve deg på lafting, runerissing eller skyte med pil og boge. Her er ein arkeologisk utgravingsstad der du kan finne fornminne frå jarnalder og mellomalder. På torsdagar og sundagar kan du prøve forskjellige handverkstradisjonar som spikking, farging av garn, spinning, smiing og mykje meir.

Parken er open med slusing og aktivitetar midtsommars. Elles er det mogleg å ta ein tur i parken på eiga hand i opningstida til Vest-Telemark Museum Eidsborg. Det skal løysast billett i resepsjonen på museet.

Vest-Telemark Museum Eidsborg, Museumsvegen 9
3891 Høydalsmo
post@vtm.no (+47) 35 06 90 90 https://www.visittelemark.no/vest-telemark-museum/