Suleskarvegen

Åmdals Verk gruver

Gruvemuseet er bygd opp rundt koparverkets historie (1540-1945). Foto, teikningar, gruvereiskap, modellar og geologiutstilling. Omvisarar tar deg med på ei spanande gruvevandring som syner synkar, strosser og tilhøve gruveslusken arbeidde under.

I 2018 starta ei betydeleg oppgradering av museet. I gruvene er det laga fleire historiske tablå med dokker, lyd og ljos. Eit underjordisk forsamlingslokale kom på plass – her kan ein ha konsertar og andre tilstellingar for inntil 50 publikum. 
Museet har fått ein video med historia til gruvene. Geologiutstillinga er oppdatert, og hovudutstillinga med dei mekaniske modellane har fått eit teknisk løft. I kafeen er det opna ei fotoutstilling som visar Åmdals Verk før og no.
I 2019 vil ein utandørs tur langs elva til «crosscut» bli opna . Crosscut er den siste gruvegangen som er grave ut med fyrsetting på 1800-talet. Her vil ein kunne gå eit godt stykke inn i gruva utan ljos (berre lommelykt). Undervegs blir det historisk skilting.

Historia går attende til slutten av 1530-talet, då kong Kristian 3. av Danmark/Noreg sendte tyske bergmenn til Telemark for å starte gruvedrift. Det fyrste bergverket vart kalla Moisesberg. Dette ligg ikkje langt frå Åmdals Verk, men drifta her vara berre til rundt 1549.

Malmgangane på Åmdals Verk vart funne i 1689. Johan Pettersen Bergmann, borgarmeister i Christiania, søkte 29. mars 1690 "Oberbergamtet" i Kongsberg om privilegiar for Åmdal koparverk.

Gruvedrift på Åmdals Verk

I 1691 kom drifta i gang, men konjunkturane svinga. Bergmann mista livet i eit forlis i 1701, og det gjekk gradvis nedover med drifta til ho skal ha blitt stansa i 1712. Koparverket har etter den tid hatt mange ulike eigarar, med korte og ofte lite lønsame driftsperiodar. Lang veg til kysten og høge fraktkostnader gjorde drifta utfordrande.

Verket hadde ein gullalder i andre halvdel av 1800-talet, med kontinuerleg drift gjennom fleire tiår. I 1870- og 1880-åra blei det investert i nytt utstyr som auka effektiviteten. Toppåret i perioden var 1884, med over 300 tilsette. Fram til 1907 hadde verket eigen skule. I tillegg hadde dei fattigvesen og eigen lege ved verket.

Siste driftsperioden var under 2. verdskrigen. Okkupasjonsmakta kravde full drift gjennom heile krigen, verket blei ein Wehrwirtschaftsbetrieb. Etter freden i 1945 blei gruvedrifta lagt ned for godt. Sidan starten i 1691 har det blitt tatt ut om lag 1 million tonn bergmasse, og truleg utvunne meir enn 8 000 tonn kopar.

Gruvene vart "hjarta" i ei urbanisert fjellbygd der gruvearbeidaren sin kvardag var avhengig av gode malmførekomstar og politiske tilhøve ute i Europa.

Spanande gruvevandring
Omvisarar tar deg med på ei spanande gruvevandring som syner synkar, strosser og tilhøve gruveslusken arbeidde under. NB! Temperaturen i gruva er jamnt 6 gradar - ta med gensar eller jakke!

Mange avanserte mekaniske modellar syner korleis den omfattande prosessen frå malm til kopar gjekk føre seg.

I museet er det også ein stor geologiutstilling.

Gruveområdet er omkransa av flott natur, turstigar og er rikt på mineralar. Det er ei eiga lita gruve for born der dei kan finne stein.

Museet er ope i sommarsesongen.

Ta kontakt med oss for gruppeomvising utanom sesong.
E-post: booking@vtm.no
Tlf. 35069090

 

 

 

Åmdalsvegen 42A
3882 Dalen
post@vtm.no (+47) 35 06 90 90 http://www.vtm.no