Suleskarvegen

Eidsborg Stavkyrkje

Vakre Eidsborg Stavkyrkje

La omvisaren ta deg med på ei reise gjennom 800 år. Høyr om historia til stavkyrkjene og korleis kyrkja i Eidsborg har endra seg frå 1200-talet og frametter i takt med tru og skikk. Her får du mellom anna soga om helgenfiguren Nikuls.

Stavkyrkjene blir rekna som Noregs bidrag til verdsarkitekturen. I mellomalderen var det meir enn 1500 stavkyrkjer. Eidsborg Stavkyrkje blei bygd mellom 1250 og 1270 og er ei av landets 28 bevarte stavkyrkjer.
 

Eidsborg Stavkyrkje er ei av dei best bevarte stavkyrkjene me har att. Det er den andre kyrkja i Eidsborg, og erstatta ei stolpekyrkje som stod på same staden. I kyrkja finn du helgenbiletet av St.Nikolaus, eller Nikuls som bygdefolket kalla han. Rundt denne vaks det fram ein særskild kultus med særtrekk du berre finn her.

Gjennom kyrkjelege påbod og reformar, endra eigarskap, skiftingar i tru, mote og plassbehov har kyrkja blitt endra opp gjennom hundreåra. Stavkyrkja var i 2010 ferdig restaurert etter tre års arbeid.

Kyrkja er ei levande soknekyrkje med gudstenester og brurevigslar i perioden mai – september, sjå heimesida til kyrkja i Tokke for meir informasjon: www.kyrkja.tokke.no  

I sommarsesongen (juni, juli og august) er det omvising til faste tider fleire gonger om dagen, i opningstida til Vest-Telemark museum Eidsborg såframt det ikkje kolliderar med den kyrkjelege verksemda.

Utanom opningstider kan ein bestille omvising for grupper heile året, så sant vér og føre tillet det.
E-post: booking@vtm.no    Tlf: 35069090

Museumsvegen 9
3891 Høydalsmo
post@vtm.no + 47 35 06 90 90 www.vtm.no