Suleskarvegen

Grimdalstunet

Grimdalen var barndomsheimen til bilethoggaren Anne Grimdalen - mest kjend for sitt arbeid med utsmykking av Oslo Rådhus. I dag er Grimdalen eit freda gardstun med hus frå mellomalderen og eit skulpturhus med arbeid av Anne Grimdalen. Kvar sommar blir skulpturutstillinga supplert med bildande kunst av kjende kunstnarar.

Anne Grimdalen (1899 - 1961)
Bilethoggaren Anne Grimdalen vart fødd i 1899 på garden Grimdalen i Skafså i Tokke kommune. Ho voks opp i ein syskenflokk på 10. Som ung jente reiste Anne til Oslo. Ho gjekk på fyrst på Kunst- og Handverkskulen og seinare Kunstakademiet. Samstundes måtte ho jobbe som hushjelp for å klare seg økonomisk. Hennar historie, frå oppveksten her på den avsidesliggjande fjellgarden Grimdalen, til gjennombrotet som kvinneleg kunstnar er nesten utruleg. Det skjedde i 1938. Då vann Anne konkurransen om utsmykking av Oslo Rådhus og blei landskjend.
Anne er òg kjend for dei mange barne- og dyreskulpturane ho har laga, og vert rekna som den norske bilethoggaren som er representert med flest arbeid i utlandet.
Anne Grimdalen døydde i Oslo - 61 år gamal. Ho var ugift. Etter hennar død blei det bygd eit galleri på garden Grimdalen der ho voks opp. Galleriet opna i 1973 og her er mange av skulpturane hennar samla.

Kunstmålar Henrik Sørensen kalla Anne Grimdalen for Eventyrjenta i norsk kunst. Det seier noko om kva kunstnarpersonlegdom Anne Grimdalen var.

Museet er ope i sommarsesongen. 

Ta kontakt med oss for gruppeomvising utanom sesong.
E-post: booking@vtm.no
Tlf. 35069090

Les også: Eventyrjenta frå fjellgarden og Dei fire store - bilethoggarar frå Vest-Telemark

Borsævegen 395B
3880 Dalen
post@vtm.no (+47) 35 06 90 90 www.vtm.no