Suleskarvegen

Hallbjønn Høyfjellsenter

Hallbjønn Høgfjellsenter ligg flott til 830 moh. med gode høve til fiske, fotturar, korte distansar til serverdighetar. Hallbjønn Høgfjellsenter ligg ved FV 450 mot Setesdalen.

Hallbjønn Høyfjellssenter er eit familievennleg høgfjellssenter som ligg langs FV450, langs den austlege delen av Suleskarvegen, og plasseringa midt mellom Dalen i Telemark og Valle i Setesdal gjer staden til det perfekte knutepunktet mellom aust, vest og sør.

Senteret ligg i eit populært hytteområde på Hallbjønnsekken, i eit fjellområde som er kjent for ein fantastisk natur med mektige fjellparti. 

Sommarstid kan du vandre i storslått høgfjellsterreng og fiske i fjellvatn. Hallbjønnsekken om vinteren byr på 60 km oppkøyrde langrennsløyper, og ein flott slalåmbakke med varmestoge. 

Hallbjønnsekken Fjellstue serverer nydeleg, kortreist og heimelaga mat, og kan også friste med ei rekke godbitar frå eiget røkeri! 

Hallbjønn Høyfjellssenter har både hytter og leiligheter til leie rett ved bakkene og langrennsløypene.

Eit ferieopphald på Hallbjønn Høyfjellssenter er eit godt utgangspunkt for å oppleve vakker natur og flotte attraksjonar i Tokke.