I samband med smittevern i forhold til koronavirus kan det vere restriksjonar eller stengt ved enkelte bedrifter. Vi ber deg om å sjekke bedriftens eigen nettside for informasjon.

Suleskarvegen

Handlegata på Dalen

Dalen er eit lite, koseleg handels- og servicesentrum med forretningar, kafé, reiselivsverksemder og sosiale møteplassar.

Vassfronten ut mot Bandak og Telemarkskanalen er lagt til rette for aktivitetar og bruk av vatnet; turveg langs vassfronten – ”Bufjordstigen”, badestrand med grillplassar, sandvolleyballbanar, Soria Moria sauna, bobilcamp og hamneområde med mellom anna tankanlegg og gjestehamn for småbåtar. Dei gamle bygningane, på bryggja der kanalbåtane legg til, husar bryggjekafé og bryggjeutstilling.