Plassen har toalettanlegg, stor parkeringsplass og flotte svaberg ut i elva Otra. Her er krystallklart vatn og gode moglegheiter for ein dukkert. Plassen er tilrettelagt for handikappa.
Frå rasteplassen er det merka turløype til Nomelandsfjellet som er den majestetiske fjellveggen på andre sida av vegen eller til den karakteristiske Einang og videre opp på Homfjellet.