Due to the coronavirus, some attractions and restaurants may have changed opening hours. See the companies website for more info.

Suleskarvegen

Honnevje rasteplass

Honnevje rasteplass og badeplass

Honnevje rasteplass ligg omlag 2 km nord for Valle sentrum tett ved Rv. 9 og elva Otra.

Plassen har toalettanlegg, stor parkeringsplass og flotte svaberg ut i elva Otra. Her er krystallklart  vatn og gode moglegheiter for ein dukkert. Plassen er tilrettelagt for handikappa.

Frå rasteplassen er det merka turløype til Nomelandsfjellet som er den majestetiske fjellveggen på andre sida av vegen eller til den karakteristiske Einang og videre opp på Homfjellet.