Suleskarvegen

Ravnejuv - utsiktsplass og turistattraksjon

Ravnejuv

Naturfenomen ved fylkesvegen frå Dalen til Vinje - eit 350 m høgt stup mot Tokkeåi. Slepp eit blad utfor - og sjå om det kjem att på ein oppgåande luftstraum! Dette har vore ein aktivitet til fryd for born og vaksne sidan turismens morgon.

Ravnejuv var i si tid ein attraksjon som skapte stor merksemd blant både nordmenn og europearar. Faktisk var tilstrømninga av nysgjerrige turistar så stor at det blei satt opp eit hotell på staden. Prominente gjester kom for å besøke Ravnejuv og det fantastiske naturfenomenet.

Ravnejuv er framleis ein attraksjon som bokstaveleg talt tek pusten frå ein, det bratte stupet ned mot Tokkeåi gjer at det kriblar godt i magen dersom ein er utpå kanten og ser ned. 

Ved Ravnejuv er det satt opp ei informasjonstavle som fortel om historia til Ravnejuv. 

Les også meir om Ravnejuv her: http://telemarkshistorier.no/natur/ravnejuv-en-luftig-turistattraksjon/