Due to the coronavirus, some attractions and restaurants may have changed opening hours. See the companies website for more info.

Suleskarvegen

Rui-plassen

I det hengebratte berget over Dalen ligg Rui, husmannsplassen der dei bittesmå systrene Ingerine og Gurine budde. Dei blei landskjende i boka "Rui-jentene som kom til Kongen" av Knut Eidem.

Til Rui kom svensken Johan August Schevenius på 1860-talet. Johan var av gamal militærslekt med greiner i mange land. Han vart født i Svartborg eller Dingle i Bohuslän i 1834. Johan fylgde ikkje den militære veg, og utdanna seg til skreddar – men trivdes ikkje heilt med å sitje inne heile dagen utan å sjå sola. Ein varm sommardag bestemte han seg, pakka skreppa og byrja vandringa mot vest – mot Noreg.

”Det var en gang i forrige århundre at en liten kraftkar dro fra Sverige til Telemark for å søke arbeid. Han krevde ikke så meget av livet, tok de jobber som bød seg. For det var nok av dem som i de dager trengte en mann til å grave grøfter i kilometervis, som skapte stubbmark om til dyrkbar jord, og som hadde slikt handlag med å reise steingarder mellom naboer. Han holdt seg selv med kosten, og var ellers ytterst beskjeden med hensyn til betalingen.

-Du kan kalle meg Johan, sa han. –För det är jag döpt.

-Hva heter du?

-Schevenius.

Dette syntes bøndene på Dalen var et merkelig navn, men det kom så mye rart fra Sverige i de dager. Johan forsvant igjen samme høst, like raskt som han kom. Men mannen dukket opp på nytt året etter……”

(frå boka ”Rui-jentene som kom til kongen”, av Knut Eidem)

Johan slo seg ned her på Rui. Han vart gift to gonger og fekk fleire born. Seks ungar levde opp. Dei to eldste, Ingerine (1872-1965) og Gurine (1873-1962), vart buande på Rui all si tid. Syskena deira drog over havet til Amerika for å søke lukka der.

Stoga på Rui var berre 20 kvadratmeter stor, og her voks dei opp. Far deira lærde dei å lesa og skrive men dei fekk og skulegang. Han heldt tidsskrift og aviser og ville at borna skulle fylje med. Når dei ikkje las, måtte dei jobbe – det verste han visste var dagdrivarar.

På Rui gav dei aldri slepp på naturalhushaldinga og bytta sine eigne produkt med andres. Dei heldt vanlegvis 3 kyr, nokre sauer, geitar og høner. Dei dyrka bygg, poteter og grønsaker. Reiskap kjøpte dei ikkje, alt dei eigde laga dei sjølv. På Rui eigde dei aldri hest eller vogn, det såg dei seg ikkje råd til. Sterke skuldrer og seige tak var deira erstatning. Ånden på Rui var sparing og arbeide - frå ljose morgonen til seine kvelden. Då far deira døde, dreiv Ingerine og Gurine plassen vidare i farens ånd.

Ingerine og Gurine døde på 1960-talet. Dei vart begge over 90 år gamle. Dei ligg gravlagde ved Eidsborg Stavkyrkje. Bare ein gong reiste dei vekk frå Rui – då var dei på besøk i Oslo, hjå kongen. Det skulle dei aldri gløyme.

Rui-plassen er i privat eige. Det er ikkje lov å campe på Rui eller i området rundt, verken i telt eller hengekøye. Sykkel på Rui er heller ikkje greit. Familien Haukelidsæter legg ned mykje arbeid på å skjøtte bygningar og kulturlandskap, og halde Rui-plassen open og tilgjengeleg for oss alle, noko me er svært takknemlege for❤️ Alice og mor Lisette guidar og fortel om Rui-jentene på førespurnad, heilt gratis.

For å komme til Rui går du i Rui-jentenes fotspor frå Dalen på eit kunstverk av ei trapp, laga av sherpaer frå Nepal. Steinen du går på er brynestein. «Beintsteberg» blir stien kalla lokalt, som tyder den beinaste (kortaste) vegen opp berget. Mykje arbeid er lagt ned i trappa, og opplevinga med først å gå i vakre trappa som snirklar seg opp berget, for så å komme opp i høgda til vakraste Rui-plassen er heilt unik. 

Vis omsyn til bygningar og kulturlandskap, ta med søppel heim og ingen camping på Rui.