I samband med smittevern i forhold til koronavirus kan det vere restriksjonar eller stengt ved enkelte bedrifter. Vi ber deg om å sjekke bedriftens eigen nettside for informasjon.

Suleskarvegen

Sølvgarden hotell & feriesenter

Sølvgarden ligg i idylliske Setesdal blant fossar og fjell. Her kan du slappe av i rolege omgjevnader, nyte flott natur, oppleve kultur og tradisjonar.

Sølvgarden tilbyr overnatting og opphald slik du vil ha det. Hotell og motell med enkeltrom, dobbeltrom eller familierom. Til heilt spesielle anledningar er Tårnsuita det som set prikken over i-en. Vel mellom store eller små hytter. Har du campingvogn eller bubil, står oppkopling til elektrisk straum og TV klart. Og for deg som syns det er hyggeleg å liggje i telt, tilbys  campingplass med 5-stjerners sanitæranlegg. 

Hotellet ligg i sentrum av tettstaden Rysstad, rett ved elva Otra, der du kan fiske, bade og padle. Hotellet har og ladestasjon for EL- bilar og medan du ventar kan du lade dine eigne batteri i hotellets hyggelege restaurant.

"Sylvbui" har stor utstilling og sal av bunadsylv som vert laga på sylvverkstaden.