Suleskarvegen

Sylvartun kultursenter for folkemusikk

Frå etablering i 1961 til ut på 2000-tallet, var Sylvartun den sentrale sølvsmed- og folkemusikkarenaen i Setesdal. Bjørgumsølvet hadde rykte på seg for å vere av det beste, og eit møte med innehavar, spelemann, sylvsmed og kulturberar Torleiv H. Bjørgum - vart for mange eit minne for livet.

Etter å ha vore stengt sidan 2010 har anlegget på nytt blitt eit aktivitetstilbod til deg som besøker dalen. Sylvsmeden er ikkje der lenger, men folkemusikken lever. Det er Setesdalsmuseet som drifter Sylvartun og kaller det eit senter for immateriell kulturarv. Gjennom utstillinaer av tradisjonelle folkemusikkinstrument, film og lyd, vert gjestene tatt med på ei kulturhistorisk reise inn i folkemusikken. Opent i juli og august.
Det er ikkje matservering på Sylvartun, men det er fint å raste her, med medbragt kaffe og niste.