Suleskarvegen

Telemarkskanalen

Telemarkskanalen vart hoggen inn i fjellet for godt over 100 år sidan. Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk». 500 mann hadde då arbeid i fem år med å sprenge seg veg gjennom fjellet.

Mykje av den fyrste trafikken var knytt til brynesteintransporten frå brota i Eidsborg i vestre ende av kanalen. I dag er Telemarkskanalen ein stor turistattraksjon og dei gamle rutebåtane tek deg attende i tid i eit variert landskap. Telemarkskanalen blei fullført i 1892 og har 18 sluser som lyfter dei sjøfarande frå 0 til 72 m.o.h. på den 105 km lange strekninga frå Skien til Dalen og fjordlandskapet. Nyt denne reisa frå dekk på ein av dei gamle rutebåtane MS Victoria eller den flotte, nyrestaurerte MS Henrik Ibsen! I dag er Telemarkskanalen ein stor turistattraksjon og dei gamle rutebåtane tek deg attende i tid i eit variert landskap.