Vedrørende smittevern i forbindelse med koronavirus kan det være restriksjoner eller stengt ved enkelte bedrifter. Vi anbefaler å sjekke bedriftens egen nettside for informasjon.

Suleskarvegen

Lårdalstigen - "Himmelturen" langs Telemarkskanalen

Lårdalstigen

Fantastisk tur mellom Dalen og Lårdal med spektakulære utsynspunkt framme på fjellkanten langs Telemarkskanalen.

Langs turvegen får du innblikk i gamalt kulturlandskap og historiske stader, og du kan mellom anna lese segnet om Risen og Gygri og sjå fjellformasjonen som dannar bakgrunnen for segnet. Her er det også ein variert flora, og geologien er spesiell. Kanskje får du også auge på fiskeørna?

Dei fleste vel å starte på toppen av Eidsborgberget, ovanfor Dalen, og gå mot Lårdal, men det er og mogleg å starte i Lårdal å gå motsett veg. I sommarhalvåret kan du nyte den eine vegen frå dekk på ein av dei gamle rutebåtane M/S Victoria eller M/S Henrik Ibsen på Telemarkskanalen. Bestill billettar på www.telemarkskanalen.no

Den vakre bygda Lårdal ved Bandak byr på idylliske plassar og eit koseleg bryggjeområde med ferjeleie for båtane på Telemarkskanalen. Her er det både serveringsstad og overnattingsstad. 

Turfakta:

Dagstur 14 km éin veg

Tidsbruk: 6–8 timar

Krevjande / svært krevjande

Høgaste punkt: 848 moh. Tilgjengeleg: mai–okt.

Turkart: Tokke 1 : 50 000

Hugs joggesko med gode solar, eller fjellsko, og rikeleg med vatn (minst 2–3 l på varme dagar).

Kontakt turistkontoret på Dalen før du legg i veg for gode turtips. 

Eidsborgvegen 361
3891 Høydalsmo
(+47) 35 07 56 56 http://www.visitdalen.com