Suleskarvegen

Vest-Telemark museum Eidsborg - ei skattekiste av historie, kunst og kulturarv

Vest-Telemark museum Eidsborg

Her finn du eit av verdas eldste trebygg, og ikkje minst Eidsborg Stavkyrkje som kan tidfestast tilbake til 1200-talet, er eit flott utgangspunkt for å oppleve Vest-Telemark sin rike kulturarv og tradisjonar.

Museet ligg strategisk plassert langs fylkesveg 450 like ved Eidsborg Stavkyrkje og Vindlaus-gardane som har historie langt tilbake.

I det nye museet som opna i juni 2012, finn du kafé, museumsbutikk og flotte utstillingar. I tillegg til museet kan du oppleve ulike tilbod for born, arrangement og konsertar eller gå ein av dei tilrettelagde turvegane med utgangspunkt frå tunet.

1. juli 2015 opna ein aktivitetspark med ein 105 m lang modell av Telemarkskanalen, ein ekte husmannsplass og mange handverksaktivitetar. Kanalen er open for slusing i sommarsesongen.

I museumsbygget finn du rike utstillingar frå Vest-Telemark si kulturhistorie og folkekunst. Rosemåling, kanskje Noregs finaste knivutstilling og bygdekultur vert formidla i varierande og godt tilrettelagte utstillingar. Me har og flotte og varierte temporære utstillingar.

Historia om Tokkeanlegget, som er ein viktig del av norsk krafthistorie, vert formidla i eiga utstilling, i tillegg til Statkraft sitt eige visingssenter som og fortel om alternativ rein energiproduksjon..

Vidare i museet blir historia om den unike brynesteinen fortalt; frå tidleg vikingtid eksporterte ein brynestein frå brota i Eidsborg og ut til Europa. Det var vassvegen ned til Skien som var transportåra, og Eidsborgbryne vart tidleg ein viktig del av Nordsjøhandelen og vert rekna som vår fyrste eksportartikkel.

Me ynskjer og å formidle moderne kunst, kulturuttrykk eller lyfte fram særskilde tema. Det gjer me i vårt store temporære utstillingsrom på ca 150 m2, der me årleg presenterer nye utstillingar. 

Ta kontakt med oss for gruppeomvising utanom sesong.
E-post: booking@vtm.no
Tlf. 35069090

Museumsvegen 9
3891 Høydalsmo
post@vtm.no (+47) 35 06 90 90 http://www.vtm.no