Suleskarvegen

Natursti inn i villreinens rike

Treng du ei pause med litt frisk fjelluft og ein beinstrekk bør du ta ein tur til utkikkspunktet Rjuven.

Rasteplassen ved Håheller ligg i verneområdet, og frå den kan du spasere inn i naturstien og samstundes få sjå ein liten del av villreinfjellet. Inn i området til Europas sørlegaste villreinstamme, som består av ca. 3500 dyr.

Stien er godt merka heile vegen frå rasteplassen via utkikkspunktet som er ca. halvvegs, og derifrå tilbake til rasteplassen. Langsetter stien er det informasjonsskilt om naturen, landskapet og dyr som finst i området. Frå utkikkspunktet får du majestetisk utsikt over Roskreppfjorden og dei omkringliggande fjella. Kan hende du kan få auge på villrein eller andre dyr i det fjerne. Ein kikkert er fint å ha med på turen. 

Det er Verneområdestyret SVR som har lagt til rette naturstien.
Turen er ca. 2 km lang og tar ein liten time å gå. Det er stigning på ca. 100 høgdemeter i starten. Det anbefalast å ha på skikkeleg fottøy som er egna for ein tur i fjellterreng.

God tur!

Håheller rasteplass

Midt oppå fjellet mellom Sirdal og Valle bør du ta deg en beinstrekk og samtidig nyte det omkringliggende fjellandskapet.

Verneområde

Vegen kryssar verneområdet "Setesdal-Vesthei-Ryfylkeheiene", hvor Nord-Europas sørligste villreinstamme held til. Vernerestriksjoner, i tillegg til verforhold, gjer at vegen berre er open i perioden frå ca 20. mai til ca 1. november.