Suleskarvegen

Suleskarvegen Nye inntrykk rundt enhver sving

Spektakulær vegstrekning

Suleskarvegen svingar seg frå Rogaland i vest, over Sirdal og Setesdalsheiene i Agder og vidare austover til Dalen i Telemark. Strekninga byr på fine turistopplevingar med livlege bymiljø, rotekte kultur og flott natur.

Vegen snor seg fram mellom fjord og fjell – ned bratte fjellsider, over luftige høgfjellsparti og gjennom frodige bygder.

Dalen, Valle og Sirdal er dei største bygdene langs vegen, og storbyen Sandnes er eit naturleg utgangspunkt eller mål for turen. På alle desse plassane finn du attraksjonar, ulike overnattingsmoglegheiter, spisestader og butikkar.

Strekninga mellom Brokke og Suleskar er vanligvis open frå 21 mai til 1 november. Her er vegen smal, dvs. eitt køyrefelt, men samtidig oversiktleg og har mange møteplassar. Det er med andre ord uproblematisk å nytte bubil eller andre store køyretøy.

Som skapt for motorsykkel

Suleskarvegen har utvikla seg til å bli eit eldorado for MC-entusiastar frå Sør-Noreg. Ruta har blitt kåra til ei av Noregs beste MC-ruter av magasinet Bike. Ta livet med ro, stopp opp, sjå deg rundt og ver turist.

Velkommen, og god tur!